Bærbuskbladflekkmodell

Modellen viser om det er fare for infeksjon av soppen Mycosphaerella ribis som er årsak til sjukdomen bærbuskbladflekk i solbær. Modellen vil truleg også kunne brukast for varsling av soppen Drepanopeziza ribis som er årsak til bærbuskbladfall i den same kulturen. Dei to soppane har ein livssyklus som er svært lik og overlappar i tid for sporespreiing og infeksjon. Det er stor skilnad i mottakeligheit for bærbuskbladflekk hos solbærsortar brukt i Noreg, men viktige sortar som ‘Ben Tron’ og ‘Ben Nare’ er svært mottakelege.

Soppen overvintrar som sporehus i gamle blad på bakken, der det vert danna askosporer som spreier seg med vind i fuktig vêr om våren. Han overvintrar også i gamle bærklasestilker som heng att på buskane etter maskin- eller bankehausting, og frå desse vil det verta spreidd konidiesporar (konidiar) med vassprut. Modellen skildrar sporemodninga og når det er fare for spreiing av både askosporar og konidiar, noko som i stor grad vil skje i same periode om våren. Samtidig viser modellen når det er fare for infeksjon.

Fotografier av bærbuskbladflekk i solbær

Fig 1. Bærbuskbladflekk på nye, grøne blad (A); smitten om våren kjem frå askosporar danna i sporehus i gamle blad på bakken (B) og konidiesporar danna i gamle bærklasestilkar på skota (C). Foto: A. Stensvand. 

Sporane vert normalt spreidde frå før knoppsprett til midten av juni, men dette vil variera noko mellom år. Den viktigaste perioden for spreiing er gjerne frå eit par veker før til eit par veker etter blomstring. Modning av begge sporetypar i det gamle plantematerialet er avhengig av fuktigheit. Viss det er lengre perioder utan nedbør og fuktigheit, vil modninga difor gå seinare eller stoppa opp. Slike perioder med tørt vêr er justert for i modellen. Det er ein døgnrytme i spreiing av askosporar, med langt mindre sporespreiing om natta enn om dagen. Dette er ikkje justert for i modellen, fordi spreiing av konidiar ikkje vert påverka av lyset.

Fuktigheit er nødvendig for å få infeksjon, og tida det tar avheng av temperaturen, med den kortaste infeksjonstida rundt 20°C. Det er ikkje utvikla ein eigen modell for infeksjon av M. ribis, men vi brukar den same som for epleskurvsoppen, fordi desse to soppane er nært i slekt med kvarandre, og dei har truleg svært lik infeksjonstid.

Tolking av varsel

Grønt markerer tidsrom der det ikkje er fare for angrep. Gult viser tidsrom der det har vore litt sporespreiing, og det er i ferd med eller kan ha skjedd infeksjon. «Litt» sporespreiing vil seia at det er mindre enn 3% sporar (i høve til det som er predikert for heile sesongen) som er modne sidan forrige sporespreiing. Raudt vil seia at det er nok modne sporar (≥ 3% av totalt i sesongen) for eit monaleg angrep, og det har vore vêrtilhøve som kan ha gitt infeksjon av soppen. Storleiken (breidda) av dei gule og raude felta viser kor lenge det har vore fuktige tilhøve som kan gi infeksjon. Den reelle faren for angrep vil sjølvsagt avhenga av kor mange sporar som er modne og har spreidd seg når det er nedbør og fuktige tilhøve. Der vil smittepresset i det enkelte feltet vera avgjerande, noko som vil avhenga av kor mykje angrep det var av soppen året før. Varslingsmodellen vert oppdatert dagleg og viser varsel basert på registrerte vêrdata og 2-døgns vêrprognosar.

Diagram med resultater fra varslingsmodell for bærbuskbladflekk i solbær

Fig. 2. Varslingsmodell for bærbuskbladflekk med data frå ein vêrstasjon i Sør-Noreg i 2025: Prosent modning av askosporar frå gamle blad (mørk blå linje) og konidiesporar frå gamle bærklasestilkar (lys blå linje); når akkumulert risiko for infeksjon basert på måling av temperatur og bladfukt (svart linje) passerer gul og raud horisontal strek, vil det vera moderat (gult vertikalt felt) eller høg (raudt vertikalt felt) infeksjonsrisiko (målt som Risikoverdi).

Varslingssesong

Varsla vert starta rundt tidspunkt for knoppbryting og vert avslutta rett etter at spreiinga av sporar frå det gamle plantevevet er avslutta, som regel i juni. Det vert ikkje gitt varsel om sekundære infeksjonar, altså frå sporar (konidiar) frå nye infeksjonar på plantene.

Tilknytting av vêrstasjonar

Ta kontakt med VIPS (vips@nibio.no) om det er ønskje om at modellen skal setjast opp for vêrstasjonar i ditt område. Varsla vert automatisk vist i kartfunksjonen på VIPS-forsida for alle vêrstasjonar der modellen er starta. Modellen kan også setjast opp som eit privat varsel med eigendefinert start- og sluttdato. Dette kan gjerast for private vêrstasjoner og for vêrstasjoner som allereie er i LMT-databasen. Sjå brukarrettleiing.

Utprøving og validering av modellen

Modellen for bærbuskbladflekk er utvikla i Noreg og er basert på data for sporemodning og -spreiing under norske tilhøve, men det er samanlikna med tilsvarande arbeid med M. ribis i andre land. Del-modellane for modning/spreiing av askosporar og konidiar er validert under norske tilhøve. Sidan vi brukar data som er utvikla for infeksjon av epleskurvsoppen til å varsla infeksjon av M. ribis, vil det vera ei viss usikkerheit i om det vil gi eit korrekt bilete av infeksjonsfaren. I dei aller fleste tilfelle vil likevel periodane med fuktigheit vara så lenge at infeksjonsfaren er reell. Og det vil uansett vera store lokale variasjonar i fuktigheit etter nedbør som alltid gir ein grad av usikkerheit.

Referanse

Stensvand, A., Eikemo, H. & Hjelkrem, A.-G., R. 2026. Mycosphaerella ribis in blackcurrant and patterns of spore release from overwintering sources of inoculum. Plant Disease. https://doi.org/10.1094/PDIS-08-25-1675-RE

Stensvand, A., Eikemo, H., Hjelkrem, A.-G., R., Skog, T.-E. 2026. Varslingsmodell for bærbuskbladflekk i solbær. Norsk Frukt og Bær 29 (2):4-5.

Grønt markerer tidsrom der det ikkje er fare for angrep. Gult viser tidsrom der det har vore litt sporespreiing, og det er i ferd med eller kan ha skjedd infeksjon. «Litt» sporespreiing vil seia at det er mindre enn 3% sporar (i høve til det som er predikert for heile sesongen) som er modne sidan forrige sporespreiing. Raudt vil seia at det er nok modne sporar (≥ 3% av totalt i sesongen) for eit monaleg angrep, og det har vore vêrtilhøve som kan ha gitt infeksjon av soppen. Storleiken (breidda) av dei gule og raude felta viser kor lenge det har vore fuktige tilhøve som kan gi infeksjon. Den reelle faren for angrep vil sjølvsagt avhenga av kor mange sporar som er modne og har spreidd seg når det er nedbør og fuktige tilhøve. Der vil smittepresset i det enkelte feltet vera avgjerande, noko som vil avhenga av kor mykje angrep det var av soppen året før.

Følgende input kreves:



observations - array (liste) over måledata. En observasjon består av:
timeMeasured - måleverdiens tidsstempel
elementMeasurementTypeId - kode for måleparameter
logIntervalId - 1 for timeverdi
value - verdien på den målte parameteren



Tre forskjellige måleparametre må sendes inn:



  • TM - Middeltemperatur (Celcius)

  • RR - Aggrebert nedbør (Millimeter)

  • BT - Bladfukt (antall minutter/time)


Disse må alle være timedata. De må alle være komplette tidsserier i eksakt samme periode.


Dette er teknisk informasjon for modellutviklere og programmerere

{
	"modelId":"MYCOSRIBIS",
	"configParameters":{
		"timeZone":"Europe/Oslo",
		"startSporeMaturation":"2026-04-25",
		"observations":[
		{
				"timeMeasured": "2026-04-25T00:00:00+02:00",
				"elementMeasurementTypeId":"TM",
				"logIntervalId":1,
				"value":2.937
		},
		{
				"timeMeasured": "2026-04-25T00:00:00+02:00",
				"elementMeasurementTypeId":"RR",
				"logIntervalId":1,
				"value":0
		},
		{
				"timeMeasured": "2026-04-25T00:00:00+02:00",
				"elementMeasurementTypeId":"BT",
				"logIntervalId":1,
				"value":0
		}
		]
	}
}