Rognebærmøllvarsling

Rognebærmøllen kan vere ein alvorleg skadegjerar i eple, men berre i dei åra det ikkje er nok eggleggingsstader i rognebær. Rognebærmøll klekker frå overvintrande pupper på våren, og for å vurdere om det er fare for angrep må ein både vite kor mykje rognebær det var året før, og hvor mykje rognebær det er i høve til rognebærmøll inneverande år.

Prognose for angrep vert rekna ut for meir enn 50 stasjonar fordelt på alle fruktdistrikt (sjå kart). Varslinga av rognebærmøll er eit samarbeid mellom lokale rådgjevarar i fruktdistrikta og NIBIO.

Fordi utviklinga til rognebærmøll er avhengig av temperatur, kan utviklingsfarten og tidspunkt for tiltak variere mellom ulike distrikt. For å vurdere tidspunktet må du ha notert når rogna sto i full blom og rekne ut varmesum etter det.

Du kan lese meir om rognebærmøll i Plantevernleksikonet og meir om varslingsmodellen her, eller i infoskrivet VIPS Rognebærmøll.

Generelle meldingar om prognose, utvikling og tiltak finn du her.

Meldinger

Varselet for dei fleste områda er klare, og det ser førebels ut som det ikkje vert angrep av rognebærmøll i eple år.

Det var lite rogn og lite angrep av rognebærmøll i rogn i fjor. I år er det mykje blom og det ser ut til å verta nok eggleggingdstader for rognebærmøllen i rogn. Truleg vert det ikkje makka-eple dette året. På grunn av manglande tal frå 2023 er det ikkje mogeleg å rekna ut sikkert varsel for Telemark, men i og med at det ikkje er varsla angrep i andre fruktdistrikt vil det truleg ikkje verta angrep der heller. Det er laga nye sider for utrekning av sverming, egglegging og klekking av egg i VIPS. Det kjem meir informasjon om det i neste melding.

  • Fare for angrep
  • Mulig fare for angrep
  • Ingen fare for angrep
  • Varsel ikke beregnet

Varmesum for rognebærmøll


Utviklinga til rognebærmøll er avhengig av temperatur, slik at utviklingsfarten og tidspunkt for tiltak varierer mellom ulike distrikt. For å vurdere tidspunktet må du ha notert når rogna sto i full blom og rekne ut varmesum (døgngrader) etter det.








Foto: Sverre Kobro og E. Fløistad, NIBIO